Om T-dagane
Om T-dagane
T-dagar er Trusopplæringsdagar i kyrkjene på Voss.
Kvifor har vi T-dagar?

Stortinget vedtok i 2003 Reform for trusopplæring i Den norske kyrkja. Der er det sett fokus på trus- og livssynsopplæring for born og unge i ei tid prega av stort religiøst og kulturelt mangfald.

Kristen tru og kristne verdiar har prega folket vårt og Vossabygdene i mange hundre år. Dette kjem til uttrykk i språk, litteratur, musikk og biletkunst. Denne kulturarven vil kyrkja i Voss bringe vidare til nye generasjonar.

Trusopplæringa er viktig fordi dåp og opplæring høyrer saman. Det er kyrkja som saman med foreldra og fadrane har dette ansvaret. Borna må få lære å kjenne den kristne trua dei er døypte til. Trua kan gje dei døypte håp og hjelp til å meistre livet.

Mål for trusopplæringa

Plan for trusopplæring i Den norske kyrkja har som føremål å medverke til ei systematisk og samanhangande trusopplæring som

         • vekkjer og styrkjer kristen tru
         • gir kjennskap til den treeinige Gud
         • medverkar til kristen livstolking og livsmeistring
         • utfordrar til engasjement og deltaking i kyrkje og samfunnsliv

Dette gjeld for alle døypte i alderen 0–18 år, uavhengig av funksjonsevne.

Sidan Kyrkja i Voss har fem ulike kyrkjelydar vil opplegget vera tilpassa dei lokale forholda. Born og unge frå Evanger, Raundalen, Vinje, Oppheim og Voss får alle det same opplegget i løpet av åra, men det vil vera ulike måtar å gjennomføra dei på. 
 
Før kvar T-dag vert det sendt ut ein invitasjon med opplysningar om T-dagen. På Voss har vi ikkje hatt T-dagar klare for alle årstrinna, men det er ikkje så langt unna at alle får tilbod ein gong i året. På sikt skal alle døypte born og unge frå 0-18 år få eit slikt tilbod.



Del denne artikkel på e-post
27. juni 2017 | Logg inn | Copyright 2017 Voss kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando