Babysong
Babysong

Babysong- kurset er for born, født førre  halvår/ år og deira foreldre.

Kurset går over sju samlingar:  Seks  babysongsamlingar og ei gudsteneste  der me deltek. På gudstenesta kan resten av familien og kyrkjelyden få oppleva ein kortversjon av babysongsamlingane våre.

Babysong er leik med song, regler, rørsler og lydar. Kjennskap til ulike lydbilete er også utgangspunkt for all språkutvikling. Babysong handlar om kommunikasjon med ditt eige barn. Som mor/far er det berre du som kjenner denne kommunikasjonen. For barnet er stemma di det kjæraste og næraste! Babysong handlar ikkje om å prestera, men om å gjera denne kommunikasjonen endå betre ved hjelp av musikk og song.

Kurshaldarane har allsidig musikkbakgrunn.




Del denne artikkel på e-post
17. desember 2017 | Logg inn | Copyright 2017 Voss kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando