Barnebibel
Barnebibel
På T4-dagen får fireåringane sin eigen barnebibel.

I barnebibelen finn de mange forteljingar om Gud og Jesus. Ei av dei får borna høyre på T4- dagen. Barnebibelen håpar me de brukar til høgtlesing  heime, og når barnet vert stort nok kan han/ ho  lese den sjølv.

De som høyrer til i Vangskyrkja får invitasjon til ei samling i Vonheim fyrst, med song, leik,  saft og bollar. Etterpå går me i prosesjon bort i Vangskyrkja der det vert utdeling av barnebibelen på gudstenesta. I Vangskyrkja  har me T4 både vår og haust.


I dei andre kyrkjene er T4-dagen i haustsemesteret. Den startar med  gudsteneste, med kyrkjekaffi/saft og litt prat etterpå.
I desse kyrkjene er T4 gjerne same dag som T3.




Del denne artikkel på e-post
23. august 2017 | Logg inn | Copyright 2017 Voss kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando