Jolekrubbeverkstad
Jolekrubbeverkstad

Når desember byrjar gler me oss veldig til jul, tida kan ikkje gå fort nok. På T5- dagen i november lagar me ei jolekrubbe femåringane kan bruka heime i adventstida.

Jolekrubba er eit flott treskrin som inneheld seks viktige personar/figurar. Desse skal barnet male og ”kle på”, saman med dei vaksne som fyljer. Ei lita bok fyljer med, der det står forslag på korleis de kan bruka julekrubba heima. Elles er dette ei kjempefin leike de kan bruke nett når de vil!

T5-dagen har også eit måltid, der me kosar oss saman og vert betre kjende.




Del denne artikkel på e-post
17. desember 2017 | Logg inn | Copyright 2017 Voss kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando