"1. klasses"
1. klasses

På T6-dagen feirar me seksåringane sin skulestart, og markerer at dei alle er  ”Heilt  1. klasses”.

Ikkje berre fordi dei er fyrsteklassingar, men fordi dei er heilt spesielle, ulike og unike. Slik er dei skapte  av Gud. Overgang frå barnehage til skule er ei spesiell tid. Kanskje  litt vemodig for dei føresette og  med blanda kjensler for borna.  På mange vis er det  ein ny start. Me ynskjer som kyrkje å vera tilstades i denne spesielle tida. Det gjer me på litt ulike måtar denne dagen, med ”poff og pang”, song og litt mat. Med overraskingar, bøn til Gud for skuletida, og møte med ein litt annleis 1.klassing som har mykje på hjarta.

Borna får ha med seg eit kosedyr/bamse/dokke og ein vaksen som fylgjer dei.




Del denne artikkel på e-post
21. oktober 2017 | Logg inn | Copyright 2017 Voss kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando