Jolekonsertar i Vangskyrkja 20. desember
Jolekonsertar i Vangskyrkja 20. desember

I år vil det vera 2 jolekonsertar i Vangskyrkja. Båe blir fullverdige utgåver av konseptet «Me syng og spelar jola inn», der interne og eksterne aktørar presenterar eit breidt utval av advents-og jolemusikk.  Arrangementa startar klokka 17:30 og 19:30. Det vil som tidlegare vera fritt tilgjenge, og med kollekt ved utgangen. Vel møtt alle!

Bland aktørane dette året finn me MiniMidi-Sing, TweenSing, Elisabeth Lid Trøen (fløyte og saksofon), Kjartan Slettemark (gitar), Hege Eide Vik (song), Frode Raymond Vik (Piano og orgel), Julie Røssland (klarinett), Silje Stråtveit (piano), Voss kantori, Leif&Steinar Rygg (hardingfeler), Kirsten Gjersvik (song), Arild Hellesøy (andakt) og «Gutta boys», som er rekrutteringsgruppa til Voss spelemannslag. I tillegg er det sjølvsagt lagt opp til allsong for heile kyrkjelyden. Her er det mange høgdepunkt, så få for all del med deg denne hendinga i julestria! Musikalsk opplegg og tilretteleiing er ved Magnus Kløften. Konferansier er Laila Rynning Veum.




Del denne artikkel på e-post
23. august 2017 | Logg inn | Copyright 2017 Voss kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando