GOODWILL-KONSERT I VANGSKYRKJA ONSDAG 17. FEBRUAR
GOODWILL-KONSERT I VANGSKYRKJA ONSDAG 17. FEBRUAR

Onsdag 17. februar går startskotet for innsamlingsaksjonen til nytt flygel i Vangskyrkja. Ei rekkje aktørar stiller opp gratis for å markera at me alle ynskjer å få på plass eit nytt flygel til «storstova» på Voss.

Noverande instrument hat stått i kyrkja i 20 år, men er i realiteten ca. 40 år gamalt. I kyrkjemusikkplanen for Voss sokn er det vedteke at det skal skaffast eit nytt flygel til kyrkja, seinast innan utgangen av 2017. Me vonar å få på plass eit instrument før den tid. Alt er avhengig av progresjonen i innsamlingsarbeidet. Voss sokneråd har i møte i oktober 2015 vedteke å bevilga inntil kroner 400000,- frå eige budsjett til investeringa. Det er ikkje teke stilling til fabrikat eller storleik pr. no, men me har som målsetjing å få på plass eit instrument med høg kvalitet.

Det er trykt opp eit eige skriv om saka, med  opplysningar om kontonummer og handtering for øvrig av flygelsaka. Dette skrivet ligg i Vangskyrkja, og vil vera å finna bak i kyrkja (Raundalskyrkja) i samband med gudstenestefeiringar etc. Det oppmodast om at interesserte tek med seg slikt skriv heim. Me som arbeidar i kyrkja ser med forventning fram til resultatet av innsamlingsaksjonen!

På konserten i Vangskyrkja den 17. februar stiller alle aktørar opp utan vederlag. Det vil bli samla inn kollekt til saka ved utgangen. Dei som er med denne kvelden, vil vera:

  • Elevar frå Voss kulturskule
  • Lærarar frå Ole Bull-Akademiet
  • MiniMidi-Sing
  • Distriktsmusikarane i Voss ved Helga Hjetland (fiolin) og Øystein Haga (fløyte)
  • Voss kantori
  • Astrid Gjestvang (piano)
  • Magnus Kløften (orgel, dirigent)

Konserten byrjar klokka 1900. Det er fritt tilgjenge. Ver velkomne!

 




Del denne artikkel på e-post
23. august 2017 | Logg inn | Copyright 2017 Voss kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando