SOMMARKONSERTSERIEN I VANGSKYRKJA 2016
SOMMARKONSERTSERIEN I VANGSKYRKJA 2016

For 5. året på rad kan ein oppleva ein serie med sommarkonsertar i Vangskyrkja, midt i Voss sentrum – eller rettare sagt; i sentrum av Voss! Som tidlegare vil desse konsertane gå føre seg på onsdagar klokka 1400. Ulike aktørar, med lokal og regional forankring vil verta presentert gjennom eit program med ca. 30-35 minuttars omfang. Det er fritt tilgjenge på alle konsertane, men det vil vera friviljug kollekt ved utgangen, som går til det kyrkjemusikalske arbeidet i Voss sokn.

I år med er me stolte over å kunne tilby eit høgkvalitativt og variert program, der ulike instrument og besetningar vil vera representerte. Dei siste åra har me hatt eit samarbeid med Musica Nord med sete i Bergen, som formidlar klassiske ensemble og utøvarar på høgste nasjonale nivå. Me er særs nøgde med at dette samarbeidet vidareførast dette året óg, gjennom 3 av dei totalt 10 konsertane. Musikarar på så høgt nivå er ikkje kvardagskost i Vossebygda, så me kjenner oss heilt sikre på at dette er konsertar som me sterkt kan anbefala!

Sommarkonsertserien spenner frå 15. juni til og med 17. august. Nedanfor kan du sjå ei oversikt over alle konsertane denne sommaren. Me seier vel møtt til store konsertopplevingar denne sommaren óg!
 

  • 15.06.: Helga Hjetland (fiolin), Øystein Haga (fløyte) og Magnus Kløften (orgel og klaver)
  • 22.06.: Mari Bryn (song) og Magnus Kløften (orgel og klaver)
  • 29.06.: Angun Sønnesyn, Sigbjørn Sønnesyn og Ellen Marie S. Geithung (song, folklore m.m.)
  • 06.07.: Irene Tillung (akkordeon) og Gro Marie Svidal (hardingfele)
  • 13.07.: Musica Nord-program: Melisma Saxophone Quartet (internasjonal anerkjent saksofon-kvartett med base i Nederland)
  • 20.07.: Astrid Gjestvang (klaver)
  • 27.07.: Børge Styve (trompet) og Frode R. Vik (orgel)
  • 03.08.: Musica Nord-program: Volt & Potenza klaverduo (Oda Voltersvik, klaver + Giulio Potenza (Italia), klaver)
  • 10.08.: Musica Nord-program: Virentiakvartetten (Oslo-basert strykekvartett med medlemmane Emily Earl (fiolin), Ruth Heney (fiolin), Iris Maidre Aarvik (bratsj) og Malin Rosa Mertens (cello)) m/tillegg av pianisten Max Nyberg
  • 17.08.: AVLYST!

Tekst: Magnus Kløften, kantor




Del denne artikkel på e-post
23. august 2017 | Logg inn | Copyright 2017 Voss kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando