"Me syng og spelar jola inn" i Vangskyrkja sundag 18.12. klokka 1700 og 1900
"Me syng og spelar jola inn" i Vangskyrkja sundag 18.12. klokka 1700 og  1900

Dette er den tradisjonelle jolekonserten som kvart år går føre seg i Vangskyrkja. Me vidarefører ordninga med 2 konsertar denne dagen, slik at så mange som mogleg får høve til gode sitteplassar. Programmet er rikhaldig, med kjende og nokre ukjende aktørar.

Det nystarta gutekoret i regi av Voss kulturskule får æra av å opna konsertprogrammet denne dagen – noko me ser fram til med stor interesse! Vidare er damekoret D’Kor under leiing av Grete Skarpeid med som gjestekor. Grete Skarpeid skal óg synga eit par songar solo undervegs. Ho har vore aktuell dette året med spesiell merksemd knytt til hennar CD-debut. Voss Spelmannslag under leiing av Arne Anderdal vil óg setja preg på konsertane. Spelmannslaget har i år feira 75-årsjubileum, noko som allereie har vore godt omtala i media. Så vil vidare Leif og Steinar Rygg bidra med slåttar på hardingfele, med og utan akkompagnement frå orgelet. Distriktsmusikar Øystein Haga kjem med vakre fløytetonar. Trompetist Børge Styve vil framføra nokre flotte nummer med trompeten sin. Så vil óg kyrkja sitt eige vaksenkor; Voss kantori ta del med ei eiga avdeling. Prost Arild Hellesøy vil halda andakt, og det vert rikeleg anledning til å synga med på kjende og kjære jolesalmar. Konferansier dette året er Ingunn Hommedal, som skal leia oss igjennom programmet med ei stø hand. Det er fritt tilgjenge, med kollekt ved utgangen. Ver hjarteleg velkomen!

 

 

Tekst: Magnus Kløften, kantor




Del denne artikkel på e-post
21. oktober 2017 | Logg inn | Copyright 2017 Voss kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando