Konsert i Vangskyrkja - FRÅ SCHUBERT TIL IMPRESJONISMEN
Konsert i Vangskyrkja - FRÅ SCHUBERT TIL IMPRESJONISMEN

Hordaland Kunstmusikk presenterer:

FRÅ SCHUBERT TIL IMPRESJONISMEN

Duoen Michael Süssmann, fiolin & Mai Goto, piano byr på ei spanande reise innanfor ulike sjangrar i musikkhistoria komande torsdags kveld.

Schubert, som døyde svært ung, etterlet seg ein mengde perler, mange han aldri ein gong fekk høyra sjølv. Ei av desse er fyrste verket i programmet, hans sonatine i A moll. Me spring deretter direkte til impresjonismen og til Debussy sin finurlige verden.  Det kan stundom verka som ein improvisasjon men ein bør ikkje la seg lure. Dette er eit møysommeleg planlagd og gjennomtenkt verk. Konserten fortset så med eit par satsar frå ein av verdas mest populære fiolinkonsertar, nemleg Vieuxtemps nr 5 i A moll. Vakker og virtuos. Den  store belgiske fiolinisten Eugene Ysaye er deretter opphavsmannen til eit Elegisk Poem, som er eit djupt og dramatisk emosjonelt verk. Til slutt i konserten får me vår eigen Edvard Griegs storslagne c moll sonate, den siste og  einaste av alle tre, som han skreiv på Troldhaugen i 1886.

 

Michael Süssmann har turnert i over 25 land, ofte saman med Mai Goto. I år står Belgia, USA, Tyskland, Italia, Spania , Kypros, og Finland. på speleplanen.

 

Konserten er i serien Hordaland Kunsmusikk, som er eit KUP-middel  prosjekt i regi av MusicaNord. Serien omfattar m.a Oseana Kammerfest og også deltaking i sommarkonsertane i Vangskykja kvart år.

 

Konserten startar kl 20

 




Del denne artikkel på e-post
17. desember 2017 | Logg inn | Copyright 2017 Voss kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando