Fasteaksjonen til Kirkens nødhjelp er 50 år
Fasteaksjonen til Kirkens nødhjelp er 50 år

Saman kan me vera med å hjelpa til at ein million menneske får tilgang på reint vatn - kvart einaste år. For 200 kroner kan du gje eitt menneske sikker tilgang på reint vatn! Konfirmantane har ein lang tradisjo for å vera med. I år vil me på Voss vera med å feira 50 år med innsamlingsaksjon i fastetida. Difor treng me enda fleire bøsseberarar og sjåførar. BLI MED DU ÒG! Klikk deg vidare og les meir om aksjonen.

Du kan bli med på å gjere vegen frå dårleg og lite vatn kortare ved å bidra med pengar eller som frivillig under Kirkens Nødhjelps Fasteaksjon 2017, der me samlar inn pengar slik at endå fleire kan få reint vatn. Me i kyrkja på Voss er stolte av å kunne samarbeide med Kirkens Nødhjelp som arrangerer Fasteaksjonen for 50. gong i år.

I 2017 markerer me også at det er 500 år sidan reformasjonen, og Fasteaksjonen er jubileets diakonale prosjekt. Også i Tanzania markerer dei jubileet ved å hjelpe andre.

– Me trur ikkje at kyrkja lever i eit vakuum. Me trur på å hjelpe andre menneske. Styresmaktene kan ikkje hjelpe alle i Tanzania, og her kan me bidra, seier biskop Emmanuel Makala, som er biskop i den same regionen kor Richard Wilson bur.

Kyrkja i Voss lever heller ikkje i noko vakuum og er glade for at me kan støtte dette arbeidet, og me oppmodar alle våre støttespelarar til å ta seg ein ekstra gåtur denne eine dagen. For om du tek ein tur ein dag, så kan nokon andre sleppe å gå ein ekstra lang tur kvar einaste dag for å kome til næraste brønn.

Bli ein brønnbyggjar du også, og støtt Kirkens Nødhjelps fasteaksjon!

Evanger: Aksjonsdag er måndag 3. april. Konfirmantar og andre som vil gå med bøsse, henter denne på Kyrkjekontoret i Uttrågata 5 frå kl. 14:30 denne dagen. Bøssa leverast i Bedehuset på Evanger kl. 19:00.

Oppheim og Vinje: Aksjonsdag tysdag 4. april. Konfirmantar, foreldre og andre som vil gå med bøsse møter kl. 18:00 i Kyrkjestova. Her får de veta kor de skal gå og kor lang tid de har på dykk.

Voss og Raundalen: Aksjonsdag tysdag 4. april. Konfirmantar, foreldre og alle andre møter i Vonheim ca. kl. 17:00. Her vert dei ulike rodene fordelt. Alle bøsser må leverast inn seinast kl. 20:00.




Del denne artikkel på e-post
27. juni 2017 | Logg inn | Copyright 2017 Voss kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando