Jazzmesse palmesundag
Jazzmesse palmesundag

Tradisjonen tru vert det ei «swingande» messe på Palmesundag dette året óg. Vikarorganist James Reed frå England vil, saman med lokale musikarar, setja sitt preg på gudstenesta med fengjande toner og rytmer, som er noko meir «utagerande» enn det ein vanlegvis finn i ei ordinær høgmesse. Dei andre musikarane er: Dorthea Bergo (song), Kåre Nytun (gitar) og Jan Eyvind Fostervold (bass). Det liturgiske ansvaret har prest Magnar Haaland hand om. Det vert kontinuerleg nattverd-gang med 2 stasjonar undervegs i programmet. Vel møtt alle til ei høgmesse med swingande toner og mange gode og glade salmar!

 

Tekst: Magnus Kløften, kantor




Del denne artikkel på e-post
21. oktober 2017 | Logg inn | Copyright 2017 Voss kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando