Basar for misjonsprosjektet
Basar for misjonsprosjektet

Vi fekk inn kr.20784,- på Basaren 30.april. Takk til alle som har kjøpt lodd, laga og gjeve gevinstar, og særskilt takk til konfirmantgruppa Misjon og Hobby.

30.april skal vi ha misjonsbasar etter gudstenesta.

Du kan kjøpa lodd i loddbøker på kyrkjekontoret. Lodda kostar kr.10,- per stk.

Basaren skal vera i prestegarden og vi skal ha åresal på basaren.

Vi skal servera etiopisk festmat (popcorn), anna etiopisk mat og kaker.

Velkomen!

 

Misjonsprosjektet: Kyrkjelyden har eit misjonsprosjekt gjennom NMS i Etiopia. Vi støttar landsbyutvikling i Agalo i blånildalen. Saman med kyrkjelyden i Agalo arbeider dei med å læra folk å lesa, korleis dei best kan dyrka sin eigen mat, om reinsligheit og om likestilling. Dei bygg brønnar og utedoar, dyrkar små plantar i lag og startar cooperativar.

Ei av konfirmantgruppene, Misjon og hobby, skipar til basaren saman med misjonsnemda og soknerådet.

Gevinstar:

5 perla hårspenner til bunad

Mykje strikk: Kofte, barnagenser, luer, sjal, sokkar, klutar og mykje meir..

Ein springesykkel, rulleskøytar, teromokoppar, hardangerbestikk, glas, lys og serviettar og mykje meir.




Del denne artikkel på e-post
23. august 2017 | Logg inn | Copyright 2017 Voss kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando