VOSSAKYRKJEMESSA 2017
VOSSAKYRKJEMESSA 2017

Program for helga 27.-28. mai

I år er det 33. gongen me markerer Vossakyrkjemessa i nyare tid. Sidan 1985 har det vore ei årleg markering i slutten av mai knytt til vigslingsdagen for Vangskyrkja, som etter tradisjonen var 26. mai 1277. På ein gamal primstav frå Tvilde er Urbansdagen merka av som Vossakyrkjemesse. Sidan «ny»-etableringa i 1985 har arrangementet hatt preg av å vera kyrkjemusikalske festdagar, med ulike vinklingar og tema frå år til anna. Det har vore kyrkjekonsertar, seminar, føredrag, festgudstenester m.m., og lista over gjestande aktørar frå øvste hylle av kultur-Noreg er lang.

2017 er fokus satt på Martin Luther og reformasjonen, eit tema som har internasjonal merksemd gjennom store delar av året, grunna 500-årsjunileet for nettopp reformasjonen. Det vil vera eit arrangement i Osa-salen på Ole Bull Akademiet laurdag 27.05. kl. 1400, der professorane Gunnstein Akselberg og Oddvar Johan Jensen kjem med kvar sine føredrag, til tonefylgje av Laila Kolve (fløyter), Alf Tore Hommedal (song) og Einar Mjølsnes (gambe). Me vonar og trur at dette blir eit nytt høgdepunkt i satsinga til Vossakyrkjemessa. Her vert det óg forfriskningar i pausen mellom føredraga. Det er billettsal ved inngangen. Sundagen er det festgudsteneste i Vangskyrkja klokka 1100, med preike ved Oddvar Johan Jensen, prost Arild Hellesøy som liturg, Voss kantori m/solistar, kantor Magnus Kløften som dirigent og organist, pluss vikarorganist James Reed (også orgel). Tekstar og melodiar av Martin Luther pregar naturleg nok høgmessa denne dagen. Gudstenesta blir avslutta med kyrkjekaffi (på kyrkjebakken om veret tillet det).

Tekst: Magnus Kløften



 




Del denne artikkel på e-post
17. desember 2017 | Logg inn | Copyright 2017 Voss kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando