Kyrkjelydstur 9.september frå Ulvikahøgda til Mjølfjell
Kyrkjelydstur 9.september frå Ulvikahøgda til Mjølfjell

9.september arrangerar kyrkjelyden i Raundalen fjelltur frå Ulvikahøgda til Mjølfjell, i samband med jubileumshelga til Mjølfjell kapell - 50 år.

Den 9.september arrangerar Raundalen sokneråd kyrkjelydstur langs den gamle kyrkjevegen frå Ulvik til Mjølfjell. Vi skal gå frå Ulvikahøgda - Espelandsdalen. Knut Skiple skal vera fjellførar på den gamle vegen. Det er omlag 14 km og høgdestigning på 650 m. Vi skal gå over ei elv. Turen tek omlag 6-7 timar. Kartet visar korleis vegen går frå Sotenos, opp Tyssedalen og Fallet, før det går forbi stølane til Vesetvatnet og nedover til Mjølfjell og over Raundalselvi.

Transport: Det går minibuss frå Mjølfjell kl.08.30. Kl.09.30 går bussen frå Voss. Kl.10 reknar vi med å byrja på turen. Soknerådet betalar for turen.

Lørdag, på Mjølfjell, er det basar på skulestova, kafe og mogeleg å kjøpa grillmat og kaker.

Overnatting til søndag: Det er mogeleg å overnatta til søndag på Vonhaug eller Skulestova. Det kostar kr.50,- per person til dekking av frukost. Det er også mogeleg å overnatta på Kårdal pensjonat. Det kostar kr.550,-.

Søndag 10.september er det jubileumsgudsteneste i Mjølfjell kapell med gratis jubileumsmiddag.

Påmelding til kyrkjekontoret: kjersti.brakestad.boge@voss.kyrkja.no




Del denne artikkel på e-post
24. november 2017 | Logg inn | Copyright 2017 Voss kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando