Kyrkja si besøksteneste
Kyrkja si besøksteneste

Besøkstenesta

Kyrkjelyden driv ei organisert besøksteneste i bygda, og er for deg som  ynskjer meir sosial kontakt, eller ein å gå ein tur saman med ein som har TID. Besøksvenen kjem fast etter avtale og har teieplikt.

Du er velkomen til å ta kontakt med diakonen om dette kan være noko for deg!

Besøkstenesta er eit tilbod for menneske som av ulike grunner ynskjer meir kontakt med andre.

Mange menneske på Voss saknar ein fortruleg ven. Som besøksven kan du  vere med å gjere kvardagen lettare!

 

Besøkstenesta treng deg som kan:

Besøke nokon ein gong i veka/kvar 14 dag.

Du får kurs og oppfølging. Etter besøkskurs  vil du få tildelt ein du besøker fast ein gong i veka eller kvar 14 dag etter avtale.

 

Kven ser me etter?

Besøksven passar for alle som ynskjer å spre glede og har eit hjarta som banker for dei som treng litt ekstra støtte i kvardagen.

Du kan vere ung (over 18 år), småbarnsforeldre, vaksen eller pensjonist!

 

 Gjer noko meiningsfylt i fritida di og bli ein besøksven!

Nytt kurs vert sett opp i haust så ta kontakt!

Diakon Sigrid Djukastein Mala tlf. 47 84 91 34  eller mail: diakon@voss.kyrkja.no

 




Del denne artikkel på e-post
23. september 2017 | Logg inn | Copyright 2017 Voss kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando