Kyrkjelydstur til Etiopia
Kyrkjelydstur til Etiopia

Opplev notida si misjons- og utviklingsarbeid i eit spennande land på Afrikas Horn. Etiopia er landet med mange kulturhistoriske skattar, variert landskap og ein dramatisk kristen historie. Opplev det moderne Etiopia med storbyen Addis Ababa, før turen går til vest der me besøkjer ulike NMS prosjekt. Turen avsluttar i den gamle etiopiske kultur i det nordlige Etiopia, der kyrkjene hogd ut i fjell i Lalibela og de enorme monolittene i Axum vert nokon av høgdepunkta.

Noko av turen vil gå til område i vest Etiopia der misjonsprosjektet vårt ligg. Ein fantastisk anledning  til å sjå utviklinga i landsbyane og bygdene me samlar inn midlar til i kyrkjelyden på Voss!

Erfarne guider har lagt opp turen og guider gjennom Plussreiser som er hoved arrangør.

John Gunnar Raen har jobba for NMS i Etiopia. Han har vore engasjert i Afrika i meir enn 20 år, med misjon, bibeloversettelse og utviklingsarbeid.

Espen Schiager Topland er teolog frå Misjonshøgskolen. Han "vart fødd inn i" NMS, på Madagaskar der foreldra hans var misjonærar, og han har sjølv mange år bak seg som misjonær i Japan, og som regionleiar i region Sør. Nå er han rådgiver i migrasjon i NMS i avdelingen Global.

 

Tidsrom for turen er: 3 nov-15 nov. 2017.

 

Har du spørsmål eller ynskjer meir informasjon ta kontakt med Inger Sigh Petersen, tlf.906 18 125. e-post in-peter@online.no

Eller diakon Sigrid Djukastein Mala 47849134, diakon@voss.kyrkja.no

Meir info på: http://plussreiser.no/reiser/etiopia




Del denne artikkel på e-post
23. september 2017 | Logg inn | Copyright 2017 Voss kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando