Sundagsskule på Vangen
Sundagsskule på Vangen

Me treng fleire leiarar om me skal få til sundagsskule på Vangen neste år. Me har både hus og gode hjelpemiddel, men treng folk til å leia dette. Alle som likar sundagsskule kan vera med som leiar. Om du er femten, femti eller åttifem er ikkje viktig. Det viktigaste er at du kan tenkje deg å vera i lag med borna og fortelja frå Bibelen, laga noko, leika, prata og synge.

Og tidspunkt kan godt diskuterast. Det må ikkje vere på sundagar.

Ta kontakt med kyrkjekontoret (56 52 38 80) eller Turid Fjose (4140180326) om du kan tenkje deg å vera med.

 

Mange har gode minne om sundagsskule då dei var små. Og mange ynskjer at deira eigne born skal få dei slike minne med seg i livet. Skal me få til det treng med hjelp. Kanskje av deg ellr kanskje av nokon du kjenner.

 




Del denne artikkel på e-post
20. juni 2018 | Logg inn | Copyright 2018 Voss kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando