Restaureringsarbeid på Vangskyrkja
Restaureringsarbeid på Vangskyrkja

Vangskyrkja fekk i 2017 tildelt kr 2 250 000,- i midlar frå staten, som skal verte nytta til utvendes reparasjon av fuger i støttepillarane på kyrkja. Midlane kjem frå «Kirkerestaurering»– tiltakspakka.

«Regjeringen foreslår å bevilge et ekstraordinært tilskudd på 25 millioner kroner til istandsetting av fredete og verneverdige kirker på Sør- og Vestlandet. Tilskuddet er del av en tiltakspakke mot økt ledighet.»

Saman med åtte andre kyrkjer fekk Vangskyrkja tildelt denne summen. Tildelinga skjer på  vilkår av at arbeidet vert utført innan 30.juni 2018.

Bergen kyrkjelege fellesråd sitt eigedomsselskap AKASIA har stått for vedlikehaldsrapport og tilbodsdokument. Dei har sjølve stått for eit langvarig restaureringsarbeid på Mariakirken  i Bergen, og er i gang med Domkirken.  AKASIA vert nytta  som konsulentar for slikt arbeid over heile vestlandet. Tilbodsinbydinga til murarfirma går ut i desse dagar.

Stillasen som no er montert, vert kledd med presenning og kryssfiner for å stå imot regn og vind. Innafor presenninga skal murarbeidet gå for seg under oppsyn av riksantikvaren sine folk.

Murarbeidet vert pirkete. Gamle og sprukne sementfuger skal fjernast forsiktig.  Heile og uskadde fuger vert ikkje rørte. Etter ei viss tørketid for murverket kan nye fuger lagast, denne gongen med ein spesiell kalkmørtel utvikla for restaurering av slike freda bygg.

Vangskyrkja sine murar er i svært god stand, og det er berre tre av dei i alt sju støttepillarane som treng restaurering denne gongen.




Del denne artikkel på e-post
18. desember 2018 | Logg inn | Copyright 2018 Voss kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando