SALMEKVELD i VANGSKYRKJA 07.02.18
SALMEKVELD i VANGSKYRKJA 07.02.18

Onsdag 7. februar kl. 19:00 arrangeres det ein salmekveld i Vangskyrkja, der me i ei avdeling presenterer ein del nyare salmar frå den nye salmeboka, slik at kyrkjelyden kan gjera seg meir kjend med desse. I den andre avdelinga er fokuset på negro spirituals, og den påverknaden som tradisjonen har hatt på vestleg kultur.

Konferansier er Iril Schou Johansen, og som gjestande aktørar denne kvelden finn me Anne Siri og Olav Undeland, som bidreg med song og gitarspel. I tillegg vil Voss kantori (kyrkjekoret) ta del som forsongarar og med eit knippe eigne innslag. Musikalsk opplegg er ved Magnus Kløften, som medverkar som dirigent, pianist og organist.

    

Det er fritt tilgjenge, med friviljug kollekt ved utgangen. Ver hjarteleg velkomne!

Arrangør er Voss sokn.

 

Tekst: Magnus Kløften




Del denne artikkel på e-post
25. februar 2018 | Logg inn | Copyright 2018 Voss kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando