Fasteaksjonen til Kirkens nødhjelp
Fasteaksjonen til Kirkens nødhjelp

"Ja , vi elsker dette vatnet!" er overskrifta for Fasteaksjonen i år. Måndag 19. og tysdag 20. mars kjem konfirmantane og andre rundt i heile kommunen for å samle inn penger til Kirkens nødhjelp. Me håper dei vert godt tekne i mot når dei kjem utpå ettermiddagen.

Om huset er tomt for kontantar kan både SMS og VIPPS nyttast. SMS med kodeord GAVE til 2426 = 200,- kr eller bruk VIPPS nr. 2426 og gje det du vil.

Handlar lokalt, tenkjer globalt

Reint vatn, solide doar og god hygiene til flyktningar er stikkorda når kyrkjelydane i Voss samlar inn pengar til Kirkens Nødhjelp sin Fasteaksjon, 18-20 mars. Fjorårets bidrag var til stor hjelp for flyktningar frå Boko Haram og Kongo.

Kany frå Kongo brukte å ha eit heilt normalt tenåringsliv heime i Kongo. Gjekk på skulen, hadde eit trygt liv med familien og sang i kor i den lokale kyrkja. No bur ho og familien i eit telt i ein flyktningleir. Dei er nokre av over seks millionar kongolesarar som i dag er på flukt.

– På flukt utan mat og vatn

Kany og familien flykta frå ein krig som blussa opp i Kasai, der dei budde, og familien måtte legge ut på ein flukt som har sett spor i 14-åringen.

– Me vakna av at det var skyting i byen, og la på sprang med ei gong. Me rakk ikkje ta med oss noko. Me var på flukt i skogen i fleire dagar, og måtte gå langt utan verken mat eller drikke, fortel Kany, som saknar venene og heimen sin i Kongo.

Ho og familien seg trygt over til nabolandet Angola, der dei no har slått seg ned medan dei venter på at krigen heime skal ta slutt. Takka vere støtte frå mellom anna Fasteaksjonen har Kany no tilgang til reint vatn berre eitt minutt frå teltet kor ho bur.

– Fasteaksjonen er viktig når det hastar å hjelpe

Det er Kirkens Nødhjelp som leverer vatn, toalett, hygieneartiklar og tømmer søppel i leiren der Kany bur, og pengane som kjem inn gjennom den årlege Fasteaksjonen er heilt sentrale i dette arbeidet.

– Pengane me får inn gjennom Fasteaksjonen gjev oss ein økonomisk muskel som gjer det mogleg for oss å reagere raskt når ei krise oppstår, slik me gjorde i Angola då flyktningar kom over grensa frå Kongo. Då kunne me kome fort i gang takka vere pengane frå våre norske gjevarar, mens me venta på meir støtte frå andre gjevarar, slik som FN. Støtta fr det norske folk gjer at me kan handle raskt og redde fleire liv, seier generalsekretær i Kirkens Nødhjelp, Anne-Marie Helland.

Aksjonen vert i år arrangert for 51. gong, og frivillige over heile landet samlar inn pengar ved å gå med bøsser eller ha ulike arrangement. Pengane går til Kirkens Nødhjelps arbeid over heile verda.

Her kan du sjå ein liten film om Fasteaksjonen.




Del denne artikkel på e-post
20. september 2018 | Logg inn | Copyright 2018 Voss kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando