Vossakyrkjemessa 1. -3. juni
Vossakyrkjemessa 1. -3. juni

Under årets vossakyrkjemesse vil Eyvind Skeie vitja nokre skuleklassar på Voss fredag 1. juni på dagtid. Fredag kveld vert det salmekveld i Vangskyrkja.
Laurdag 2. juni: Foredrag og kulturelle innslag i biblioteket, Voss kulturhus.
Sundag 3. juni: festgudsteneste i Vangskyrkja.
Heile programmet finn du ved å trykke "leis meir".

 

Nemda for Vossakyrkjemessa har i år invitert prest og forfattar Eyvind Skeie. Eyvind Skeie arbeidde som prest frå 1975 til 1985. Han har sidan arbeidd som forfattar, salmediktar og foredragshaldar. Han har skreve fleire barneprogram for NRK, mellom anna Portveien 2 og Sesam stasjon, fagbøker, diktbøker og forteljingar for born og vaksne.

Eyvind Skeie utgav hausten 2007 «316 salmer og sanger», ei salmebok kor alle tekstane er signet Eyvind Skeie. Dette er ei unik hending i norsk salmehistorie. Hans mest kjende salme er «en stjerne skinner i natt». Godt kjend er også «Tenn lys!» og «ei krubbe var vogga». Han har også skrevet kantaten «Visst skal våren komme» som har vore framført i Vangskyrkja av Voss kantori saman med Ål kantori.
I Norsk salmebok 2013 har Eyvind Skeie 38 eigne salmar og 17 salmar han har omsett.

 

Program:

Fredag 1. juni kl. 1900: Salmekveld i Vangskyrkja med Eyvind Skeie. Eit utvida Voss kantori deltek, under leiing av kantor Magnus Kløften. Øystein Haga, fløyte. Det blir presentert 3 satsar frå verket «Visst skal våren komme» + 12 salmar utvald av E. Skeie sjølv. Hans eiga salmebok «316» frå 2007 vert me også nærare kjend med. Kyrkjelyden får rikeleg anledning til å vera med å synga!
Billettpris: 150,- Billettsal v/inngangen.

Lørdag 2. juni kl. 11.00 Voss kulturhus (biblioteket): Møte med prest og forfattar Eyvind Skeie. I tillegg til kulturinnslag vil det bli foredrag: «Den varme og grensesettende voksenstilen» - Inspirasjon for alle voksne som er sammen med barn. 
Respondent: Høgskulelektor Solrun Samnøy. Samtale.

Søndag 3. juni kl. 1100: Festgudsteneste i Vangskyrkja med Eyvind Skeie, Kjersti B. Boge, Voss kantori, Øystein Haga, Elise Thorgersen Varne (sopransolist) og barnekoret MiniMidi-Sing m/dirigent Åshild Bøe Kharazmi. Takkoffer til Vossakyrkjemessa.
Kyrkjekaffi etter gudstenesta – i det fri om veret blir bra.




Del denne artikkel på e-post
14. november 2018 | Logg inn | Copyright 2018 Voss kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando