"Med harpe og klang" - konsert i Vangskyrkja 25. mai kl 18
"Med harpe og klang" - konsert i Vangskyrkja 25. mai kl 18

Arrangementet er eit samarbeid Universitetet i Bergen i samband med seminar på Voss 25.-26.05.: «Voss som region og Vangen som regionsenter i mellomalderen». Professorane Gunnstein Akselberg og Alf Tore Hommedal deltek, saman med ei rekkje andre føredragshaldarar.

Konserten fredag kveld er klokka 1800 og har fått tittelen «Med harpe og klang». Medlemmer frå Trio Vanjolo; Laila Kolve og Einar Mjølsnes høyrer me i samspel med harpist Kjersti Beate Vindal. Også Alf Tore Hommedal tek del med song her.

Litt om musikarane:

Laila KolveLaila Kolve har si utdanning frå bergen lærarhøgskule og Griegakademiet. Ho er ein freelance fløytespelar i meir enn 20 år, og har dessutan vore knytt til Rikskonsertene, Hordaland Teater, Den Nationale Scene m.fl. Som musikar har ho mellom anna delteke på fleire plateinnspelingar, historiske spel ag andre konsertproduksjonar.

 

 

 

Einar MjølsnesEinar Mjølsnes  kom til Voss då han var 10 år gamal. Han fekk etter kvart opplæring i hardingfele frå spelemann Olav Selland og, seinare; Ssigbjørn Bernhoft Osa. Einar har faglærarutdanning frå Veitvet musikkonservatorium i Oslo. Han har, mellom anna, arbeidd som fylkesmusikar i Hordaland og ved Ole Bull-akademiet i Voss. Dei siste 17-18 års har han dessutan traktert instrumentet gambe, som han nyttar i til dømes Trio Vanjolo – her i lag med Laila Kolve og Ragna Ringset.

 

 

Kjersti Beate VindalKjersti Beate Vindal, frå Trøndelag, starta tidleg med harpespel, og ho har, mellom anna, hatt legendariske Willy (her som hokjønns-namn) Postma som lærar på instrumentet. I 1991 fekk ho 2. premie i den store NRK-satsinga «Talentiaden», som óg utløyste pris frå Rikskonsertane. Ho er etterspurd som harpist i mange samanhengar, og har vore fast harpist i Operaens orkester i Oslo i ei årrekkje. Mykje av tida hennar går med til freelance-oppdrag innanlands og utanlands.




Del denne artikkel på e-post
14. november 2018 | Logg inn | Copyright 2018 Voss kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando