Gud sett nedenfra: Tomasmesse med Biskop emeritus Erling Pettersen
Gud sett nedenfra: Tomasmesse med Biskop emeritus Erling Pettersen

Biskop emeritus Erling Pettersen kjem i Vangskyrkja og talar i Tomasmessa 21.mai kl.19.30.

Erling Pettersen er prest og var misjonær i Brasil i 6 år. Sidan har han vore styrar for IKO, direktør i Kirkerådet, til han vart biskop i Stavanger i 2009-2016.

Møtet med dei fattige i slummen i Brasil forma Erling J. Pettersen sitt bilete av Gud. Kva skjer når den som er utestengt ser Gud, når det heilage møter dei marginaliserte, når Gud vert sett nedanfrå? Erling Pettersen vart prega av den såkalla frigjøringsteologien i Latin-Amerika. Han fortel om møter med menneske som har kjempa for urfolk sine rettar i Canada og Amazonas, og set det i kontrast til norsk oljerikdom og sjølvgodheit. Han delar erfaringane frå sitt engasjement i religionsdialogen i ei brytningstid for kyrkja. Han tek opp tema som angår oss alle uavhengig av tros- og livssyn. Det handler om å sjå dei små i samfunnet og om grunnleggande menneskelege verdiar. Det handlar og om kyrkja sitt rom som ein stad for undring, tvil og tru.

Velkomen til ein annleis kveld i Vangskyrkja, ein kveld for undring, tvil og tru.




Del denne artikkel på e-post
14. november 2018 | Logg inn | Copyright 2018 Voss kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando