Olsokstemne - Krossaset 2018
Olsokstemne - Krossaset 2018

Olsok, 29.juli brukar det å vera eit Olsokstemne på Krossaset, øvst i Bordalen. Vi samlast ved steinkrossen som etter segnene vart sett opp av Heilag Olav då han kom til Voss i 1023.

Vi har utegudsteneste kl.12. Etterpå kosar vi oss med historieforteljing, nistemat og vi kan få kjøpa lappar og kaffi for kr.50. Vi har ein liten sporleik for borna.

Frå Voss samlast vi ved Almenningane og går bort til Krossaset, ca. ein halv time. Med delvis vått terreng. Det er bomveg opp til Almenningane.

I år skal dei også samlast og gå frå Folkedal i Granvin, kl.08 eller ein kan køyre litt lenger opp på ein bomveg (kr.50,-) til Helgastøl og gå derfrå i lag kl.09. Dei som har spørsmål kan ta kontakt med Hermann Ovrid, tlf. 97159863. Ein går på T-merka stig til Almenningane, men treng ein kjentmann for å vita kor ein skal ta av til Krossaset.

Bli med på tur på Olsok!

Helsing Kjersti Brakestad Boge

Del denne artikkel på e-post
14. november 2018 | Logg inn | Copyright 2018 Voss kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando