T9 På sporet av heilag Olav
T9 På sporet av heilag Olav

Går det verkeleg an å vaske vekk dåpen? Kvifor skulle ein kar, med namn Olav, kristne vossingane? Snart startar skulane opp, men før det har me trusopplæringsdag for niåringane der me skal få svar på dette. Onsdag 15. august kl. 10:00 til 13:00 samlast niåringar frå Voss og Raundalen ved Kyrkjetunet for å finna ut meir om historia vår.

På T9-dagen skal me saman leika oss igjennom nokre tusen år for å finna ut kva Abraham, Heilag Olav, pilegrimar og kyrkjene på Voss har å gjere med kvarandre. Og kva steinkrossen ved Voss ungdomsskule kan fortelje oss. Det vert forskjellige oppgåver undervegs, me skal mellom anna grille pølser, prøva ut balansen, laga båtar, ha det moro i lag og besøke kyrkja.

 

Dei aktuelle niåringane skal ha fått invitasjon i posten. Om nokon saknar denne ligg den her. Velkomne til ein onsdag med mange opplevingar.




Del denne artikkel på e-post
20. september 2018 | Logg inn | Copyright 2018 Voss kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando