T6 Heilt førsteklasses
T6 Heilt førsteklasses

Heilt 1.klasses. T6 –dagar for Voss/Raundalen, Evanger og Oppheim/Vinje.

No skal alle fyrsteklassingane (born fødde 2012) på heile Voss få ein skikkeleg fest i kyrkja. ”Heilt 1. klasses”  har me kalla T6 dagane. ” Heilt 1. klasses” er alle 6-åringar som byrjar på skulen no. Heilt spesielle, ulike og unike er dei alle, og slik er dei skapt av Gud.

Overgang frå barnehage til skule er ei spesiell tid. Kanskje litt vemodig for dei føresette, og med blanda kjensler for borna? Ein ny start på mange vis. Me ynskjer som  kyrkje  å vera til stades også i denne  spesielle tida.

Feiringa gjer me på ulike måtar denne dagen, med  ”poff og  pang”, song, litt mat, overraskingar, bøn til Gud for skuletida, og møte med ein litt annleis 1.klassing som har mykje på hjarta.

Dette skal borna gjera saman med eit kosedyr/bamse dei kan ta med seg, og  ein vaksen eller to, som fylgjer  dei.

Skulestartmarkering i kyrkjene våre er eit tilbod til alle døypte og tilhøyrande born. Dette er ein del av trusopplæringa dei får som fylje av dåpen. Andre 6-åringar som ynskjer å delta er òg velkomne.

Vel møtt til ”Heilt 1.klasses” T6 –dagar!

Invitasjon for born frå Voss og Raundalen måndag 20. august og tysdag 21. august finn du her.

Invitasjon for born på Evanger onsdag 22. august finn du her.

Invitasjon for born frå Oppheim og Vinje torsdag 22. august finn du her.




Del denne artikkel på e-post
14. november 2018 | Logg inn | Copyright 2018 Voss kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando