Nytt flygel i Vangskyrkja
Nytt flygel i Vangskyrkja

Måndag 9. juli kom det nye flygelet til Vangskyrkja på plass, og det vart fyrste gong tatt i bruk på sommarkonserten onsdag 11. juli. Det var pianist Ole Christian Haagenrud som fekk gleda av å innvia det nye klaveret, i samspel med bratsjist Einar Kyvik Bauge.

Me er kjempestolte av å kunna introdusera eit så flott instrument for Vossabygda. Det er eit Shigeru Kawai flygel, som er handlaga i Japan. Flygelet er gjeve som ei gåve frå Voss Sparebank til Voss sokneråd, og både banksjef Jørund Rong og soknerådsleiar Inger Johanne Gullbrå var tilstades under den fyrste konserten der flygelet vart teken i bruk.
 

Dei med abonnement hos avisa Hordaland, kan lese saka her:
http://www.avisa-hordaland.no/kjop-tilgang?aId=1.2448134




Del denne artikkel på e-post
14. november 2018 | Logg inn | Copyright 2018 Voss kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando