Drop-in-dåp i Vangskyrkja
Drop-in-dåp i Vangskyrkja

Skulle du ønske at du var døypt, men det har aldri passa slik at du fekk det gjort? Var det vanskeleg å finna tid til dåpen til ein av borna dine? Eller ynskjer du å bli ein kristen? Då kan Drop-in-dåp vera ein moglegheit til å få det gjort.

I Vangskyrkja vil vi no opna for Drop-in-dåp 8.september kl.11.

Då kan du møta opp i Vangskyrkja og få gjennomført dåp av deg sjølv eller barnet ditt.

Når du kjem:

Fyrst må vi ha ein liten samtale og fylla ut eit skjema for dåp.

Vi treng å sjå legitimasjon / få eit personnummer eller D-nummer for at det skal bli meldt inn i kyrkjeregisteret. Det er også naudsynt at ein på førehand ikkje er medlem av andre trudomssamfunn. Du treng 2 fadrar som skal vera dine hjelparar som kristen. Viss du ikkje har fadrar, har kyrkja personar som er klare til å vera fadrar. Kyrkja har også to dåpskjoler til utlån til små barn.

Gjennomføring:

Etter ein kort gjennomgang av dåp, har vi ei enkel dåpsgudsteneste der vi døyper alle dei som ynskjer dåp.

Etterpå:

Vi har ei lita dåpssamling, med samtale, kaker og kaffi i prestegarden, ved sida av kyrkjekontoret.

Du får:

  • Dåp og medlemsskap i Den norske kyrkja

  • Bibel, for born eller vaksne

  • Kaker og kaffi

  • Kanskje nye vener

  • Dåpsattesten kjem i posten etter nokre dagar

Ta kontakt med kyrkjekontoret dersom du har spørsmål. Har du eit heilt dåpsfylgje som vil vera med på kaker og kaffi etterpå, er det greit å få beskjed, slik at vi har nok kaker!

Velkomen!

Del denne artikkel på e-post
18. desember 2018 | Logg inn | Copyright 2018 Voss kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando