Velkomen til nytt MILK-kurs
Velkomen til nytt MILK-kurs

Like sikkert som hausten kjem i september er det at me i kyrkja på Voss og Voss KFUK-KFUM inviterer 10. klassingane til MILK-kurs. MILK er forkorting for MIniLeiarKurs. Her får ungdomane læra litt om det å vera leiar i ulike samanhenger.

Sjølve invitasjonen finn du HER.

Påmeldingsfristen er 10. september. Send SMS til Rønnaug med MILK og namnet ditt.

Prisen er kr. 300,-. Dette dekker både kurshefte, mat og overnattingstur.

Påmel

MILK består av:

  • Fem samlingar på måndagar, kl. 14:30-17:30. (Alle samlingane startar med suppe og brød. J)
    Det vert tre samlingar i haust og to samlingar til våren i tillegg til ein weekend.
    Første samling er måndag 17. september.
  • Ei praksisoppgåve. (Her er det fleire mogelege oppgåver. Me kjem fram til kva som vert di oppgåve i løpet av dei første to samlingane.)

     

Når kurset er slutt får deltakarane som har minst 75% oppmøte, eit kursbevis. Dette kan det vera kjekt å ha seinare.

MILK-leiarar er Rønnaug Skjeldal, kateket, og Ingrid Tønnesen, dagleg leiar i Voss KFUK/KFUM.

Pris: 300,-. (Du får giro.)
Påmelding på SMS (95262025) til Rønnaug seinast 10. september.




Del denne artikkel på e-post
14. november 2018 | Logg inn | Copyright 2018 Voss kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando