Sigmund Groven i Vangskyrkja 26. september
Sigmund Groven i Vangskyrkja 26. september

Onsdag 26. september  kl 19.00 kan me presentera sjølvaste Sigmund Groven som artist på konsert i Vangskyrkja!

Sigmund Groven har hatt eit virke som musikar og komponist i fleire tiår, og vart kjend for alvor gjennom NRK, der han har hatt talrike opptredenar i både radio og TV. Han sette melodi til Erik Bye sin tekst «Så spiller vi harmonica» i 1971, og fortsette samarbeidet
med Bye i seinare samanhengar.

Som gut vart han fengsla av spelet til munnspel-virtuosen Tommy Reilly, og gav i 1971 ut ein oversatt versjon av Reilly si bok «Munnspillkurs». Sidan debuten i 1965 har Groven opptrådt på mange av dei største scenane i verda, så som Carnegie Hall i New York, Mozarteum i Salzburg og Casals Hall i Tokyo, for å nemne nokre. Ei lang rekkje komponistar, norske
og utanlandske, har tileigna sine verk til Sigmund Groven. Groven sjøl har tonesatt dikt av mange norske forfattarar, som utanom Erik Bye inkluderer bl.a. Hans Børli, Ove Røsbak og Tarjei Vesaas. Sigmund Groven har medverka på meir enn 250 plateproduksjonar.


Han er fødd og vaks opp i Heddal i Telemark, og formidlar gjennom sitt spel uttrykk frå folkemusikk og transkripsjonar frå klassisk musikk til populærmusikk og eigne komposisjonar for munnspel. Groven er ettertrakta som føredragshaldar, og kan óg visa til engasjement ved høgskulesystemet, som lærar ved ulike meisterklassar og som utøvande musikar i ei rekkje turnéar med Rikskonsertene.


På konserten i Vangskyrkja onsdag 26.09. vil han få tonefylgje på orgel og flygel av Magnus Kløften. Konserten byrjar klokka 1900, og er ei unik anledning til å få verta betre kjend med eit musikar-ikon frå vårt eige land. Det vert billettsal frå klokka 1815 ved inngangen. Voss sokn er arrangør. Billettprisen er kun 200 kroner! Born under 12 år går gratis! Kom på
konsert!

 

Tekst: Magnus Kløften




Del denne artikkel på e-post
21. oktober 2018 | Logg inn | Copyright 2018 Voss kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando