Konfirmant 2020
 


Konfirmant 2020
Konfirmant 2020

Informasjon om konfirmasjonsdatoar 2020, informasjonsmøte og litt om korleis ein melder seg på finn du her.

Konfirmasjon våren 2020

Vangskyrkja
Laurdag 02. mai           kl. 10:00: A-klassen
                                     kl. 12:00: B-klassen

Sundag 03. mai            kl. 10:00: C-klassen
                                     kl. 12:00: D-klassen

Sundag 10. mai            kl. 10:00: E-klassen
                                     kl. 12:00: F-klassen

Evanger kyrkje: Torsdag 21. mai kl. 11:00

Raundalskyrkja: Laurdag 09. mai kl.11:00

Oppheim kyrkje: Vert bestemt i lag med konfirmantar og føresette

Påmelding til konfirmasjonstida:

I midten av mai vert det sendt ut informasjon til medlemane våre om konfirmasjonstida. Denne informasjonen vert òg lagt på nettsida vår og på Facebook.  

Me har berre lov å senda informasjon til eigne medlemer, men  ungdomar som ynskjer å konfirmerast hos oss må gjerne ta kontakt med kateket Rønnaug Skjeldal (rs625@kyrkja.no) slik at me kan senda informasjon til dei.

Det vert informasjonsmøte for både ungdomar og føresette i Raundalen, Evanger og Voss sokn, i Vangskyrkja onsdag 5. juni. Klokkeslettet kjem me attende til.

Informasjonsmøte på Vossestrand har me ikkje sett dato for enno.




Del denne artikkel på e-post
16. oktober 2019 | Logg inn | Copyright 2019 Voss kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando