Ledig stilling, kantor i 100%
Ledig stilling, kantor i 100%

Det er ledig 100 % fast stilling som kantor i Voss kyrkjelege fellesråd med tiltreding 01.06.2019 (eller etter avtale). 

Kantor vil ha overordna ansvar for alle sokn i fellesrådsområdet, men har hovudansvar for Voss sokn, og har dei fleste tenestene der. Vangskyrkja har eit orgel med 32 stemmer over 2 manualar og pedal, bygd av Ryde & Berg i år 2000. Kantorstillinga er ei av tre stillingar som kyrkjemusikar i fellesrådsområdet, som i dag dekker 5 sokn. Frå 2020 vert Granvin sokn og Voss kyrkjelege fellesråd slegne saman til eit fellesråd med 6 sokn. I samband med samanslåinga vil nye Voss kyrkjelege fellesråd vidareføre arbeidsforholdet. Endringar i arbeidsoppgåver må påreknast.
Voss kyrkjelege fellesråd har kontorstad i Kyrkjetunet, rett ovanfor Vangskyrkja i Voss sentrum. Kontorbygget var nytt i 2015, og vart bygd i tilknyting til den gamle prostebustaden, som no m.a. vert nytta til møterom. Her er 14 kontorplassar, der m.a. prestar, kateket, kyrkjelydspedagog, kyrkjeverje og administrativt personale held til. Etter samanslåinga vil kyrkjeleg fellesråd ha ca 14 årsverk, fordelt på 27 tilsette i små og store stillingar, samt prost og sokneprestar. Vangskyrkja frå 1277 er sentral i både kyrkje- og kulturlivet på Voss, med stor aktivitet gjennom heile året. Som kantor på Voss får ein ansvaret for og moglegheit til å samarbeide med mange av kulturaktørane i området.
 
Me søkjer etter ein person som ynskjer å byggje kyrkjelyd gjennom å vareta, styrkje og utvikle det musikalske livet i kyrkja i samsvar med gjeldande tenesteordning for kantorar. Kantor må ha interesse for og kompetanse til å drive korarbeid for born og vaksne, i samarbeid med andre tilsette. Trusopplæringsarbeidet er ei sentral oppgåve i Den norske kyrkja, og det er forventa at kantor engasjerer seg i dette. Voss har eit levande TenSing-miljø, og det er ynskjeleg med ein person som ser verdien av samarbeid med born og unge inn i kyrkjemusikken. Det er ei føremon om du meistrar fleire musikalske stilartar, og vil gjere nytte av kompetansen i det kyrkjemusikalske arbeidet. Du må vere fleksibel, og ha evne og vilje til å samarbeide tett med andre tilsette, friviljuge og eksterne aktørar for å fremje kyrkja sitt arbeid i lokalsamfunnet. Kantor vil ha overordna ansvar for alle sokn i fellesrådsområdet, men har hovudansvar for Voss sokn, og har dei fleste tenestene der.

For meir informasjon om stillinga, (arbeidsoppgåver, kvalifikasjonar m.v.): gå til den fullstendige utlysingsteksten, og søk via elektronisk søknadsskjema innan 22. april.




Del denne artikkel på e-post
25. juni 2019 | Logg inn | Copyright 2019 Voss kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando