Vossakyrkjemessa 26. mai 2019 - "..med eit Fadervår i pakt"
Vossakyrkjemessa 26. mai 2019 - "..med eit Fadervår i pakt"

Det er mai. Det er fint ver, om enn litt kaldt i år, og Vossakyrkjemesse tid. Siste helga i mai er fast for denne opplevinga i Vangskyrkja. Våren er ei fin ramme om arrangementet. Tema i år er:» …med eit Fadervår i pakt»

I år har nemnda korta inn Vossakyrkjemessa til ein dag, og det vert ein festdag. Dagen er søndag 26.mai.

Klokka 11 vert det gudsteneste i Vangskyrkja, ved Arild Hellesøy og Ragnar Tesdal. VOK deltek med song. Dette er også siste gudstenesta til kantor Magnus Kløften, som avsluttar si teneste på Voss ved utgangen av mai. Kyrkjelyden får høve til å ta avskil med kantoren i og etter gudstenesta, under kyrkjekaffien.

 Om kvelden kl. 19.00 vert det konsert med Bækkalokket i Vangskyrkja. Da er det høve til eit gjensyn og gjenhør med ein kjær prest, som nok ein god del vossingar kjenner, Ragnar Tesdal.

Ragnar, eller nokre av oss kjenner han best som Raggen, var prest på Voss frå 1981 til han reiste til Bergen til nytt arbeid i Kalfarhuset i 2003.

Han og kona hans Kristin har vore tilbake på Voss med koret Bækkalokket, som dei driv i Bergen, fleire gongar. Bækkalokket er CRUX Kalfarhuset sitt eige kor, og er eit tilbod til menneske som har, eller har hatt problem med rusavhengigheit og kriminalitet, og deira pårørande. Medlemmane har ulike livserfaringar, men har felles glede i song og musikk. CRUX Kalfarhuset er ein del av ei landsomfattande diakonal stifting, som arbeider innan helse- og sosialfeltet. På Voss er det kanskje Styve gard som ein har kjennskap til i denne organisasjonen.

Koret består av deltakarar, tilsette og friviljuge medarbeidarar i CRUX Kalfarhuset, og tel ca. 40 songarar. Repertoaret er viser, pop, gospel og bluesrock. Noko av materialet er eigenprodusert.  Dirigent er Kristin Voll Tesdal. Ho haustar mykje positiv omtale som musikar og dirigent, og ho produserer og arrangerer med stor musikalsk innsikt.  I tillegg har ho dei pedagogiske og menneskelege evnene som skal til for å leia eit kor.  Koret er kjent for å spreie glede, energi og varme på konsertane sine. Dei vel songar som betyr noko for dei som formidlarar, og får ei djupare meining når ein veit at det er så mange forskjellige skjebnar mellom songarane. Ragnar er kunstnarisk leiar og pregar miljøet med sin rause veremåte og sterke tru. Bandet består av Ragnar Tesdal på piano, Jan Sævik på bass og Eirik Eikill på gitar. Ragnhild Grov Nilsen er dirigentvikar. På denne konserten har dei med ein gjest, Åshild Bøe Karazmi.  Koret har «fostra» gode songarar som har markert seg i musikklivet på eiga hand og.

Koret har mellom anna samarbeidd med kjente profilar som Rune Larsen, Helge Jordal og Ole Paus. Bækkarlokket har fått Johan  Nordal Bruns pris for sitt engasjement for å trekke inn, og dele kulturopplevingar på gateplan i Bergen. Bækkarlokket er eit verdsett kor i kulturlivet i Bergen.  Me håper at mange har lyst og høve til å koma. Me gler oss til å fylla Vangskyrkja for å oppleva denne songglade gjengen.

 

For nemnda for Vossakyrkjemessa

 Brit Furre




Del denne artikkel på e-post
25. juni 2019 | Logg inn | Copyright 2019 Voss kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando