Verdidebatt i Voss kulturhus
Verdidebatt i Voss kulturhus

Kristent Kontaktforum arrangerer, i samarbeid med Voss Bibliotek, ein verdidebatt med samfunnsbyggjande fokus under hovudoverskrifta: «Kva gjer lokalsamfunnet vårt til eit godt samfunn?». Alle partia som har valliste i kommunevalet for Voss herad er invitert til å delta, tysdag 20.august kl. 19.00 – 20.30.

Debatten vil ha eit samfunnsbyggjande fokus, med aktuelle temaer som blant anna; oppvekst, helse og omsorg, klima og miljø, og frivilligheit

Kristent Kontaktforum er eit lokalt nettverk av leiarar av ulike kyrkjer og organisasjonar her på Voss; Den Norske kyrkja, KFUK-KFUM Voss, Salt Voss, Voss Indremisjon, Frelsesarmeen Voss og Misjonskyrkja Voss. 

Vi lovar ein spanande debatt på biblioteket i Voss Kulturhus, leia av Nils Kvamsdal frå Avisa Hordaland. 

Arrangementet vil starte med ein introduksjon av nokon frå Kristent Kontaktforum, om samfunnsansvar og verdiar. Etter introduksjonen vil Nils Kvamsdal leie debatten mellom partikandidatane. Det blir og mogeleg å stille spørsmål fra salen (via sms) til partikandidatane.




Del denne artikkel på e-post
23. august 2019 | Logg inn | Copyright 2019 Voss kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando