T9 - På sporet av Heilag Olav
 


T9 - På sporet av Heilag Olav
T9 - På sporet av Heilag Olav

Heilt på tampen av sommarferien kjem haustens første T-dagar. Torsdag 15. august kl. 11:00-18:00 er åtte og niåringane på Evanger invitert til å gå i nokre av spora etter Heilag Olav. Fredag 16. august kl. 10:00-13:00 gjer me om lag det same på Voss.

Går det verkeleg an å vaske vekk dåpen? Kvifor skulle ein kar, med namn Olav, kristne vossingane? Snart startar skulane opp, men før det har me trusopplæringsdag for åtte og niåringane på Evanger og for niåringane i Raundalen og på Voss, der me skal få svar på dette. Torsdag15. august kl. 11:00 til 14:00 samlast born frå Evanger ved Vassvøretun og går mot Evanger kyrkja. Fredag 16. august møtes niåringar frå Voss og Raundalen ved Kyrkjetunet for å finna ut meir om historia vår.

På T9-dagen skal me saman leika oss igjennom nokre tusen år for å finna ut kva Abraham, Heilag Olav, pilegrimar og kyrkjene på Voss har å gjere med kvarandre. Og kva steinkrossen ved Voss ungdomsskule kan fortelje oss. Det vert forskjellige oppgåver undervegs, me skal mellom anna grille pølser, prøva ut balansen, laga båtar, ha det moro i lag og besøke kyrkja.

 

Dei aktuelle borna skal ha fått invitasjon i posten. Om nokon saknar denne ligg Evanger sin her og Voss sin herVelkomne til ein dag med mange opplevingar.




Del denne artikkel på e-post
16. oktober 2019 | Logg inn | Copyright 2019 Voss kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando