Evanger kyrkje stengd for vedlikehald
 


Evanger kyrkje stengd for vedlikehald
Evanger kyrkje stengd for vedlikehald

Evanger kyrkje vert stengt frå måndag 9. septembert t.o.m. fredag 27. september grunna vedlikehaldsarbeid.

Gudstenesta 29. september vert halde i Evanger bedehus kl 1100. Eventuelle gravferder kan flyttast til Bolstad bedehus eller ei anna kyrkje i kommunen, etter avtale med kyrkjekontoret.

Rett før jul (2018) slo sikringane på oppvarminga ut, grunna feil i ein eller fleire av omnane i kyrkja. Elektrikaren fann overslag i koplingane på ein omn, og me valde å kople ut halvparten av omnane i kyrkja grunna brannfare. Dette førte til at ein måtte varme opp kyrkja ved hjelp av byggvarmarar i vintermånadane.

No skal det setjast inn nye benkeomnar i kyrkja. Då el-anlegget er svært gamalt og utdatert må det strekkjast nytt opplegg til alle omnane. Arbeidet er omfattande: Alle kyrkjebenkane skal flyttast ut og setjast på lagring i bedehuskjellaren, Deretter må golvet i kyrkja opnast for tilkomst. 

Me nyttar samstundes høvet til å gjere så mykje vedlikehald og opprusting av kyrkja som det er midlar til: Måling av golvet, nytt framlegg til sakristiet, nytt styringssystem for oppvarminga, og ikkje minst nytt toalett i kyrkja! Noko av arbeidet treng godkjenning frå Riksantikvaren.

Eventuelle gravferder i denne perioden må anten gå frå Bolstaøyri bedehuskapell eller frå ei anna av kyrkjene våre, etter avtale med kyrkjekontoret/kyrkjeverja. Gravlegging kan sjølvsagt skje på Evanger likevel.
Voss kyrkjelege fellesråd dekkjer ekstra kostnadar ved båretransport, som måtte kome på grunn av flyttinga.

 

Det er aldri praktisk å stenge ei kyrkje, men me vonar at resultatet av stenginga og arbeidet vil verte til stor glede for kyrkjelyden. For spørsmål, ta kontakt med kyrkjeverje Svein Tøsse.

 

Kyrkjeverja.




Del denne artikkel på e-post
15. september 2019 | Logg inn | Copyright 2019 Voss kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando