Kyrkjelyden si besøksteneste
 


Kyrkjelyden si besøksteneste
Kyrkjelyden si besøksteneste

Kyrkjelydens besøksteneste er ei stor gruppe frivillige som besøker mennesker som bur heime og som har meldt inn at dei ynskjer besøk av nokon fast. Besøkstenesta er for deg som bur heime, og ikkje lengre kjem deg ut så mykje på eigehand, og det kan verta lange dagar. 

Besøksvener vert kursa, får fagleg påfyll og oppfølging av diakonen. Besøksvener har teieplikt.

 

Kyrkjelyden si besøksteneste tilbyr:

Besøkstenesta er for deg som bur heime og ikkje lengre kjem deg ut så mykje på eigehand, og syns det kan verta lange dagar.

Då kan ein besøksvenn koma å besøkja deg. Ein besøksvenn har god tid til ein god prat, gå ein tur, eller fylje deg til butikk eller lege, eller kanskje ein konsert.

Kan dette vere noko for deg? -  ta gjerne kontakt med kyrkjelydskontoret.

 

 

Vil du bli ein besøksven?

Vil du bruke litt av fritida di på noko meiningsfylt? Då kan du bli ein besøksven! Du får kurs, oppfølging og fagleg påfyll. 

 

Kyrkjelydens besøksteneste er ei stor gruppe frivillige som besøker mennesker som bur heime og som har meldt inn at dei ynskjer besøk av nokon fast.

Besøksvener vert kursa, får fagleg påfyll og oppfølging av diakonen. Besøksvener har teieplikt.

Mange av dei som er besøksvener seier det er svært givande å vere besøksven. Det å kunne kome heim til nokon, og bli kjende, og kunne gjere noko kjekt saman. Det kan vere å dele eit måltid, ta ein tur, gå på kino eller konsert eller følge til lege. Eller berre ha god tid saman og få ein god prat!

Det er behov for fleire besøksvener og det er mange som hadde vore glade for å få besøk!

 Gjer noko meiningsfylt i fritida di og vert ein besøksvenn!

Kan dette vere noko for deg? -  ta gjerne kontakt med kyrkjelydskontoret, eller med diakon Sigrid D. Mala tlf. 47849134

 

 




Del denne artikkel på e-post
16. oktober 2019 | Logg inn | Copyright 2019 Voss kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando