Samefolkets dag vert markert med gudsteneste og føredrag
 


Samefolkets dag vert markert med gudsteneste og føredrag
Samefolkets dag vert markert med gudsteneste og føredrag

6. februar er samefolkets dag. Dette skal me markera i Vangskyrkja kl 18.00, med ei gudsteneste med samisk liturgi. Etterpå vert det føredrag i Kyrkjetunet (Uttrågata 5), med samepolitikar Alf Nystad frå Lakselv: "Historie og identitet i endring".

Meir info om gudsteneste og føredrag får du når du trykker "Les meir" under.

6. februar er samefolkets dag. Dette skal me markera i kyrkja med ei gudsteneste med samisk liturgi. Det vert då i  Vangskyrkja 6. februar kl. 18.00. Sjølve liturgien vert på samisk. Bøner og tekstlesing vert på samisk og norsk. Preika vert på norsk. Det vert nattverd og takkoffer til Den norske bibelselskapet som i 2019 ga ut ny omsetjing av Bibelen på nord-samisk.

Alle er velkomne! Arild Hellesøy, prost.

 

Voss Kyrkjeakademi markerer SAMEFOLKETS DAG 6. februar, ”Historie og identitet i endring,”  med same-politikar Alf Nystad frå Lakselv.   Han var fødd i 1948 i Karasjok, yrket hans har vore sjåførlærar, men heile livet har han vore engasjert i samefolket sin plass i samfunnsutviklinga vår.  Ulike tillitsverv har han hatt i fleire samiske organisasjonar, vore styreleiar i Norske Samers Riksforbund, og 1989-97 sat han på Sametinget.   Den siste tida har han vore med i Barentssekretariatet.  Dei arbeider med landrettigheiter og liknande over landegrensene i nord.  I Lakselv er han leiar for eit språksenter.

Det er ikkje heilt tilfeldig at han kjem til Voss på Samefolkets Dag.  Laila Nystad, tilsett i Voss Herad som kommunikasjonsrådgjevar, er dotter hans.  Ho vil og i samtale med Alf dela noko om si erfaring med identitet og endring hjå samane.  Som aktiv politikar sidan ho var 14 år, har ho og deltatt i Sametinget.  Interessant er det då med to generasjonar sine opplevingar av fornorsking og fornying, tradisjon og livssyn,  bunad og språk, natur og berekraftig utvikling.   Programmet blir i Kyrkjetunet,  det som før var prestegarden ved Vangskyrkja, med kaffiservering og høve til spørsmål og samtale om samekulturen.

Voss kyrkjeakademi, Kari Bye

 

 




Del denne artikkel på e-post
28. februar 2020 | Logg inn | Copyright 2020 Voss kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando