Informasjon om Korona/Covid 19 og fylgjer for kyrkjeleg verksemd i Voss herad
 


Informasjon om Korona/Covid 19 og fylgjer for kyrkjeleg verksemd i Voss herad
Informasjon om Korona/Covid 19 og fylgjer for kyrkjeleg verksemd i Voss herad

Voss kyrkjelege fellesråd råd pålegg fråoffentlege styresmakter og tek ansvar for å avgrense smittespreiinga lokalt. Dette får fylgjande konsekvensar:

Kyrkjekontoret vert stengd for besøk, men me svarar på epost og telefon i kontortida. Ved særleg behov for å møtast for samtale kan ein avtale møte pr. telefon. Alle tilsette som har moglegheit til det er oppmoda om å ta heimekontor.

Alle samlingar, møter og tilskipingar vert avlyste med umiddelbar verknad.

Voss kyrkjelege fellesråd fyl pålegg frå offentlege styresmakter og tek ansvar for å avgrense smittespreiinga lokalt. Dette får fylgjande konsekvensar:

Kyrkjekontoret vert stengd for besøk, men me svarar på epost og telefon i kontortida. Ved særleg behov for å møtast for samtale kan ein avtale møte pr. telefon. Alle tilsette som har moglegheit til det er oppmoda om å ta heimekontor.

Alle samlingar, møter og tilskipingar vert avlyste med umiddelbar verknad. Dette gjeld også gudstenester, trusopplæringstiltak, konsertar, konfirmantundervisning, institusjonsandakter, korøvingar osv.

Dåp, vigslar og gravferder vert gjennomførte, men med avgrensing på 50 personar til stades, eller etter nærae retningslinje gjeve av kommunelækjaren.

Ta gjerne kontakt med kyrkjekontoret på telefon 56 52 38 80 eller epost til post.voss@kyrkja.no om du har spørsmål, eller har behov for å snakke med ein av våre tilsette.

Tiltaka gjeld førebels til 14. april. (Gudstenester vert vurderte 26. mars.). Me gjer merksame på at det  kan komme kontrameldingar på kort varsel, dersom sentrale styresmakter føretek ytterlegare innstramingar eller endringar.

 




Del denne artikkel på e-post
6. april 2020 | Logg inn | Copyright 2020 Voss kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando