Sundagspreika, 15. mars.
 


Sundagspreika, 15. mars.
Sundagspreika, 15. mars.

Praktikant Jone Knudsen skulle helde gudsteneste i Evanger kyrkje sundag 15. mars. Sidan gudstenesta no er avlyst deler me heller preika på nettsida vår, så fleire kan få glede av den.

3. søndag i fastetida

Preiketeksten, Luk 11,14-28

14 Ein gong dreiv han ut ei vond ånd som var stum. Og då den vonde ånda hadde fare ut, tala han som hadde vore stum. Folket undra seg. 15 Men nokre av dei sa: «Det er ved hjelp av Beelsebul, herskaren over dei vonde åndene, at han driv dei vonde åndene ut.» 16 Andre ville setja han på prøve og kravde eit teikn frå himmelen av han. 17 Men Jesus visste kva dei tenkte, og sa til dei:

        «Kvart rike som kjem i strid med seg sjølv, blir lagt øyde, og hus på hus rasar saman. 18 Er no Satan komen i strid med seg sjølv, korleis kan då riket hans bli ståande? De seier då at det er ved Beelsebul eg driv ut dei vonde åndene. 19 Men er det ved Beelsebul eg driv ut dei vonde åndene, kven er det då dykkar eigne folk driv ut ånder ved? Difor skal dei dømma dykk. 20 Men er det med Guds finger eg driv ut dei vonde åndene, ja, då har Guds rike nådd fram til dykk.

    21 Når den sterke med våpen i hand vaktar garden sin, får det han eig, vera i fred. 22 Men kjem det ein som er sterkare og vinn over han, då tek denne mannen våpna som den sterke sette si lit til, og deler ut byttet. 23 Den som ikkje er med meg, er imot meg. Og den som ikkje samlar med meg, han spreier.

    24 Når ei urein ånd fer ut av eit menneske, flakkar ho over tørre vidder og leitar etter ein kvilestad, men finn ingen. Då seier ho: ‘Eg vil fara attende til huset mitt, som eg flytte ifrå.’ 25 Når ho kjem att, finn ho det feia og pynta. 26 Då fer ho av stad og får med seg sju andre ånder som er verre enn ho sjølv, og dei flytter inn og slår seg til der. Og det siste blir verre for dette mennesket enn det første.»

    27 Då han sa dette, var det ei kvinne i folkehopen som ropa: «Sælt er det morsliv som bar deg, og brysta som du dia.» 28 Men Jesus svara: «Sei heller: ‘Sæle er dei som høyrer Guds ord og tek vare på det.’»

 

 

------

Det er den 3. søndagen i fastetida, ein søndag som vert kalla for ”Oculi”. ”Oculi” tyder auge, og dette ordet er i dag med på å setje fokus for dagens preik: Kva er det vi ser og kva vel me å sjå?

Det me vel å sjå viser kva som er viktig for oss, men det er ikkje alltid at det me sjølv vel å sjå er det som ber med seg den sanne verdien og tydinga.”Fokus” har blitt eit viktig ord i dagens samfunn. Å halda fokus kan seiast å vera vanskelegare enn det tidlegare har vore.

Me lever i ei verd som stadig er i kamp om å vinna vår merksemd og vårt fokus gjennom sosiale media og reklame. Denne kampen er også med på å forma språket vårt, noko som har ført til at nokre menneske i dag kan vedkjenna seg tittelen ”Influenser”. Det å halda fokus har blitt ein ting ein må kursast i, og det å skilja den gode informasjonen frå den dårlege har blitt ein viktig evne i kvardagen. For å kunna sjå klart i eit slikt hav av informasjon som vi lever i, må ein ha eit klart fokus. Ordet ”Focus” kan verte omsett til ”ein eldstad”. ”Focus” vert altså eit midtpunkt og ein samlingsstad, ein stad som gjev varme og lys. Eit klart fokus lyser opp eit rom og viser oss kva som er i det, og dette fører til ei klar forståing av kva som er og kva som skjer rundt oss.

I dagens evangelietekst har me høyrt om når Jesus driv ut vonde andar frå ein stum mann. Merkeleg nok er det ikkje sjølv eksorsismen som er i fokus i teksten. Forfattaren av Lukasevangeliet har valgt å fokusere på reaksjonen til folkemengda og ikkje sjølve eksorsismen. Folkemengda som var samla fekk med seg det som vart gjort, og undra seg på forskjellege måtar. Nokre menneske undra seg nok positivt over det som var hendt, medan andre vart redde og skulda Jesus for å stå på lag med det vonde. Nokre menneske ville også prøva Jesus, for å forstå kva som hadde hendt. Jesus vert her stilt i eit kritisk lys som utfordrar hans autoritet og myndighet.

Folkemengda tenkte kanskje tankar som: ”Kven er denne mannen, og kven har gjeve han denne krafta til å drive ut det vonde?”.  Nokre går til og med så langt som å skulda Jesus for å få sin kraft frå Beelsebul, ein demonherre. Jesus forsvarer seg ved å stille spørsmål ved logikken til folkemengda, og seier. ”Kvart rike som kje i strid med seg sjølv, blir lagt øyde, og hus på hus rasar saman.”… Kva vinning ville det ha vert for det vonde å jobba mot seg sjølv? Her vert det klart at folkemengda ikkje hadde rett fokus. Dei forstod ikkje kva som hendte rundt dei, det var ingen klar eldstad til å lyse opp rommet, og dei stod famlande i eit mørkt rom. Dei klarte ikkje å fatta kva som var hendt framfor dei, og deira usikkerhet vart til redsel og deira redsel vart til anklagar.

Det grunnleggjande spørsmålet som ligg til grunn for alle tankane og følelsane i folkemengda, sjølve fokuspunktet, kjem her klart fram: «Kven er denne mannen som står framfor dei?» Denne mannen seier at det er ved ”Guds finger” at han driv ut det vonde. Kunne han vera ein profet sendt frå Gud. Ja, kunne han  kanskje til og med vera noko meir? Som ein reaksjon på anklaga tar Jesus på seg ei kompromisslaus haldning og seier: ”Den som ikkje er med meg er imot meg, og den som ikkje samlar med meg, han spreier.” Det finns ingen mellomting. Det er ingen nøytral grunn.

Jesu ord vert ei klar oppfordring. Det går ikkje ann å stå på sidelinja for å observere fram til ting vert trygt og andre forstå. Ein må våge å nærme seg fokuspunktet. Ein må våge å nærma seg eldstaden sjølv i frykta for å brenna seg. Ein må våga å sjå inn i flammene, inn i senteret av det heile: Denne mannen er Messias, han som vart lova frå gamalt av. Mot slutten av teksten ropar ei kvinne i folkemenga ut: ”Sælt er det morsliv som bar deg, og brysta som du dia.” Det var tydelig at Jesu bodskap forsvann i støyen. Han svarer: ”Sei heller: Sæl er dei som høyrer Guds ord og tek vare på det.”. Fokuset var feil, det var ikkje Jesu gjerningar som skulle vera i fokus, men heller konsekvensane av dei. I gjennom sine ord og handlingar gjer Jesus noko mykje større enn å berre driva ut vonde ånder. I gjennom ord og handling attereiser han ei øydelagt verd. Guds rike var no komen nær, og han viser seg som den han verkeleg er: Guds son, vår herre.

Det som hende med folkemengda på Jesu tid er like relevant no som då, og det oppstår eit spørsmål i møte med denne teksten. ”Kven er det som krevjar merksemda vår i dag, og kva er det me vel å fokusera på?” Er me kanskje som folkemengda som ikkje klarer å komme til kjernen av det som har hendt? Eller klarer vi å sjå det store som skjer rundt oss i kvardagen, og forstå kvar det kjem frå? Tør me å ta eit val om vera ein som samlar og ikkje ein som spreier? Tør me faktisk å ta til oss Guds ord og ta vare på det i tankar, ord og gjerning? Dersom ein tør det så skal det sanneleg få konsekvensar for våre liv.

Tør ein å ta Jesu ord og handling på alvor, så vil en sjå at det handlar ikkje om våre tankar, ord og gjerningar. For i møte med Gud vert dette ubetydeleg. I møte med Gud står me makteslause, og det er ingenting me kan gjera som vil føra oss fram til Gud. Så kva er fokuset i denne teksten? Kva er det det flammande senteret peiker mot? Jau!  At berre Jesu gjerningar og den sanne tydinga bak dei fører mennesket til Gud, og denne sanninga er at Jesus er Guds son vår Herre. Eit sant menneske og ein sann Gud som gjennom ord, tankar og handlingar ofra seg sjølv for oss for å attereisa ein broten relasjon mellom mennesket og Gud.

Ære være faderen og sonen og den heilage Ande, som var og er og vere skal ein sann Gud frå æve til æve. Amen!

 

 

 

 

 

(Illustrasjonsbiletet er tatt av Selling of my photos with StockAgencies is not permitted fra Pixabay )




Del denne artikkel på e-post
6. april 2020 | Logg inn | Copyright 2020 Voss kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando