Helsing og bøn frå Biskopen i Bjørgvin
 


Helsing og bøn frå Biskopen i Bjørgvin
Helsing og bøn frå Biskopen i Bjørgvin

Guds signing

Eg ønskjer dykk alle Guds signing i dei uvante forholda vi no står midt oppe i.

Ver saman, slik det går an, og ver håpsagentar! Kyrkja si oppgåve er no som alltid å vere ein stad for miskunn, trøyst, tru og håp. Vi vil vere til stades på dei kommunikasjonsflatene vi kan vere på, og på ulike måtar formidle tru, håp og kjærleik.

Lat oss saman be om Guds vern og hjelp i denne tida:

Herre Jesus Kristus,
Du lækte sjuke og tok deg av dei som var hjelpelause.

Vi kjenner oss hjelpelause i denne kritiske tida for menneske i heile verda.

Ta deg av dei som er smitta og dei som er sjuke. Lat dei få att helsa.

Beskytt dei som har lågt immunforsvar, frå å verte smitta.

Kom med din fred til dei som er redde.

Verna dei som arbeider i helsevesenet og omsorgstenestene, så dei ikkje vert smitta.

Vi bed for skuleelevar, familiar og verksemder som vert ramma hardt av denne epidemien.

Gje visdom til styresmaktene i kommunen vår, i Noreg og i verda til å handtere denne situasjonen.

Hjelp oss å få kontroll over spreiinga av corona-viruset.

Miskunna deg over oss, Herre Jesus.

 

Med helsing

Biskop Halvor

 

 

 

 

 

 

Illustrasjonsbiletet er tatt av Himsan fra Pixabay 




Del denne artikkel på e-post
6. april 2020 | Logg inn | Copyright 2020 Voss kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando