Nye datoar for konfirmasjon
 


Nye datoar for konfirmasjon
Nye datoar for konfirmasjon

Grunna situasjonen i landet vårt, med strenge smittevernreglar, har me måtta utsetje konfirmasjonane i alle sokn.

For Voss sokn er konfirmasjonane flytta til dei to siste helgene i august. Dei nye datoane er: sundag 23. august (C- og D-klassen) kl. 10 og 12., laurdag 29. august A- og B-klassen) kl. 10 og 12 og sundag 30. august (E - og F-klassen kl. 10 og 12. Konfirmantane forheld seg til same klokkeslett som i mai om ikkje anna vert avtala. For Granvin sokn vert det samtalegudsteneste 4. september, og konfirmasjonsgudsteneste 13. september. For Evanger, Raundalen, Oppheim og Vinje er det førebels ikkje fastsett nye datoar. (Alle nye datoar vert sett med atterhald, då kyrkja til ei kvar tid må rette seg etter gjeldande retningsliner og pålegg frå sentrale styresmakter)




Del denne artikkel på e-post
6. april 2020 | Logg inn | Copyright 2020 Voss kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando