Ledig stilling: Organist i 50%
 


Ledig stilling: Organist i 50%
Ledig stilling: Organist i 50%

Voss kyrkjelege fellesråd har ledig stilling i 50% som organist, med hovudarbeidsstad for tida i Granvin og Ulvik sokn (iflg. avtale med Ulvik
sokneråd). Tiltreding snarleg/etter avtale.
Organisten leiar det kyrkjemusikalske arbeidet i soknet i samarbeid med kantor på Voss og sokneråda lokalt.

Organisten skal vere med å forvalte og formidle tradisjonelle og nye kyrkjemusikalske verdiar, og bidra til breidde og kvalitet i det kyrkjemusikalske og kulturelle arbeidet i kyrkjelyden.
Orgelet i Granvin vart bygt i 2010 av Carsten Lund, Danmark. Det har 11 stemmer fordelt på to manualar (hovudverk og svellverk) og pedal. Hovudverket er bygd på 8 fots prinsipal og svellverket har bl.a. 8 fots obo.

Orgelet i Ulvik vart bygd i 1975 av Paul Ott, Tyskland. Det har 16 stemmer fordelt på to manualar (hovudverk og ryggpositiv) og pedal. Hovudverket er bygt på 4 fots prinsipal og ryggpositivet har bl.a. 8 fots krumhorn. Pedalen har bl.a. 16 fots fagott.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Teneste ved gudstenester og kyrkjelege handlingar.
  • Arbeid med konsertar o.l.
  • Deltaking i konfirmant- og trusopplæringsarbeidet i sokna.
  • Leggje til rette for friviljuge i kyrkjemusikkarbeidet, og samarbeide med det lokale musikklivet.
  • Vere med på stabsmøter, og samarbeide tett med andre tilsette og frivillige.
  • Det kan vere aktuelt med einskildtenester i dei andre sokna i
  • fellesrådsområdet, vurdert etter kapasitet i stillinga.
  • Lista er ikkje uttømande.

 

Kvalifikasjonar:

  • Utdanning innan kyrkjemusikk eller anna relevant utdanning.
  • Kjennskap til og erfaring frå arbeid i Den norske kyrkja.
  • Flytande norsk språk, munnleg og skriftleg.
  • Me søker etter ein person som er fleksibel, omgjengeleg og samarbeidsvillig.
  • Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar og erfaring.
  • Søkjaren må vera medlem av Den Norske Kyrkja
  • Søkjaren må ha sertifikat og disponere eigen bil.

Personlege eigenskapar:

  • Me ynskjer ein kreativ og allsidig musikar med gode evner til samarbeid, samstundes som ein må kunne jobbe sjølvstendig. Ein må rekne med kvelds- og helgearbeid etter oppsett arbeidsplan.

Vi tilbyr:

  • Eit godt arbeidsfellesskap.
  • Løn og arbeidstilhøve i fylgje tariffavtalar og avtaleverk for kyrkjeleg sektor.

Søknadsfrist: 15. april 2020

 

Kontaktinfo:

Åslaug Styve Mjånes, ass. kyrkjeverje. 
mob. 40853537, e-post: am574@kyrkja.no

Svein Tøsse, kyrkjeverje. 
mob. 95979905, e-post: st545@kyrkja.no

 

Søk på stillinga

 




Del denne artikkel på e-post
6. april 2020 | Logg inn | Copyright 2020 Voss kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando