Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon
 


Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon
Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon

I år kjem ingen konfirmantar med bøsser på døra di. Men behova for reint vatn er ikkje mindre i år enn i fjor... Verda står no ovanfor ein pandemi, som råkar oss alle. Kirkens Nødhjelp hjelper oss som kyrkje å nå ut til dei mest sårbare menneska i verda, midt i denne situasjonen. Meir enn nokon gong er det viktig å kunne drikke og vaske seg i reint vatn.

I år kan du gje her:
Sende sms med "VANN" til 2426 (200kr)

  • Via Vipps 2426
  • Via fasteaksjonen.no
  • Kontonummer 1594 22 87493
  • På Facebooksidene våre: Kyrkja i Voss eller Oppheim og Vinje sokneråd. 

​Les du vidare finn du direkte lenke til aksjonane på facebook.

Kirkens Nødhjelp er allereie i gang med opplæring om koronaviruset og smitteførebygging i sine vatn- og hygieneprosjekt i fleire av landa dei arbeider i.

I fjor samla aksjonen inn 32 millionar kroner, eit beløp som gjev 160.000 menneske tilgang til reint vatn og god hygiene. I fjor samla me inn godt over 100 000kr frå Voss og omland. Kor mykje klarer me i år?

 

På Facebook (Voss, Granvin, Evanger, Raundalen): 

https://www.facebook.com/donate/2557561861183882/3489299614420487/

På Facebook (Oppheim og Vinje): 

https://www.facebook.com/donate/2766791503369653/2643498605932888/

Det du gjev med vipps og sms vert registrert via postummeret og vert automatisk lagt til i "rett" sokn.
Ver med å redd liv og støtt Kirkens Nødhjelp digitalt i årets fasteaksjon.


 




Del denne artikkel på e-post
6. april 2020 | Logg inn | Copyright 2020 Voss kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando