Jordalen kapell
Jordalen kapell

Jordalen er ein høgtliggjande sidedal til Nærøyfjorden og kapellsokn under Oppheim. I dalen er det om lag 40 fastbuande, og vegen er så vanskeleg framkommeleg vinterstid at det framleis er skule i dalen, trass i det låge folketalet. Den gamle skulen var vigsla til kyrkjeleg bruk, og då denne vart sanert ved oppføringa av ny skule i 1977, vart eit rom i sokkeletasjen vigsla til kapell av prosten på Voss, Augun Østtveit, 4.6.1977, med heimel i kgl. res. av 17.1.1975. Drifta av kapellet er privat og inventaret er gåver frå folk i bygda.

 

Her kan du lesa meir om kapellet i Jordalen.




Del denne artikkel på e-post
27. juni 2017 | Logg inn | Copyright 2017 Voss kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando