Stiftelsen Kirkelig Ressurssenter mot vold og seksuelle overgrep
Lovisenberg gt. 15a
0456 Oslo

Telefon: 23 22 79 30 (man-fre kl 10-14)
Fax: 23 22 79 31
For SMS: 478 14 066

ADAM
Telefon: 23 22 79 30 (man-fre kl 10-14)
Mobiltelefon: 478 14 066

E-post:
post@kirkeligressurssenter.no  Web: www.kirkeligressurssenter.no


Overgrep skjer - men skal ikkje skje

Kyrkja er i mot, tar stilling og vil vera til hjelp for den som treng det. Stiftelsen Kirkens Ressurssenter mot vold og seksuelle overgrep er eit kyrkjeleg tilbod til menneske som har vore utsett for overgrep og krenkingar, og ein kompetansestad på traumer og overgrepsproblematikk for kyrkje og samfunn.

Kvar skjer overgrep?

- i familien, i profesjonelle hjelperelasjonar, i kyrkjelege miljø, stader me trur og vil at me skal vere trygge.

Korleis opplevast overgrep for den som er utsatt?

Som å vere lurt, gjort usynleg, taus og avmektig. Som maktmisbruk, krenking, svik, ondskap og urett. Som å verte påført skam og skuld.

Kva gjer me?

- for kvinner: Sjelesorg, terapi og fellesskap

- for menn: Møte- og samtalemmoglegheit - ADÁM

- for kyrkjelege samanhengar: Teologisk og psykologisk kompetanseutvikling

- for tilsette og frivillige i kyrkja: Veiledning og kursvirksomhet

Ressurssenteret sin tverrfaglege stab kan kontaktast av enkeltmenneske for avklaring av moglege tilbod; samtale individuelt/i gruppe eller andre fellesskapsbyggjande aktivitetar. Me tilbyr også telefonsamtalar. Tilsette og frivillige i dei kyrkjelege miljøa kan òg ta kontakt for veiledning, rådgjeving og for å avtale undervisning, kurs eller foredrag. Ressurssenteret er eit tilbod til alle kyrkjelege miljø over heile landet.

Kva vil me oppnå?

Skape større åpenheit og auka kunnskap om overgrep og krenkingar.

Styrke sjølvkjensle, tillit, verdigheit, godheit, respekt og sunne grenser.

Legge til rette for og bryte ned hindringar for møte med den gode Gud.


Stiftelsen er et samarbeid mellom Kirkerådet for Den norske kirke, Norges KFUK/KFUM, Norges Kristne Råd og Stiftelsen Diakonissehuset Lovisenberg.

(henta frå: Kirkelig Ressurssenter mot vold og seksuelle overgrep)

27. juni 2017 | Logg inn | Copyright 2017 Voss kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando