Besøkstenesta på Voss

Det finst ei organisert besøksteneste som mange nyttar seg av. Det kjem da ein fast besøksven heim til deg. Gjennom denne omsorgstenesta ynskjer me å vera eit medmenneske med tid til å lytta, samtale og kanskje gå tur saman.

Kven gjeld tenesta for?
Den er for ALLE - uansett livssyn.

Kven er me?
Medmennesker, ikkje proffesjonelle helsearbeidarar.
Tenesta vert organisert av kyrkja i Voss v/diakonitenesta. Diakoni tyder omsorg.
Tenesta består av friviljuge menneske som vitjar enkeltpersonar, heimar, unge og eldre, kronisk sjuke og funksjonshemma.
Medarbeidarane vert kursa på førehand og har teieplikt. Dei får jamnleg oppfylgjing.

Me kan:
- Vere ein person som kjem heim til deg etter avtale.
- Vere ein person som du kan snakke med.
- Vere ein person du kan vere saman med og som har tid til deg.
- Vere ein person som kan hjelpe deg med små tenester som: lese avis, skrive brev, ei hand å halde i, eller ein å gå tur saman med.

Me kan ikkje:
- Erstatte tenester frå offentleg hjelpe-apparat, men i einskilde høve opprette kontakt.
- Utføre "vaktmeistertenester" i heimen.
- Drive forkynnande arbeid, men kan formidle kontakt til prest eller diakon.
- Gje tenester til personar med omfattande og samansette behov, men formidla kontakt med fagfolk.


"Eg ser at du trøtt, men eg kan ikkje gå alle skritta for deg. Du må gå de sjøl. Men eg ve gå de med deg. Eg ve gå de med deg."
 - Bjørn Eidsvåg


Er du nysgjerrig på kva dette er?
Er du aktuell som brukar av tenesta, eller kjenner du nokon det kan vera aktuelt for?
Er du ein mogeleg besøksven?

Kontakt: diakon Sigrid Djukastein Maia
telefon: 56 52 38 80 / 47 84 91 34, e-post:
diakon@voss.kyrkja.no

27. juni 2017 | Logg inn | Copyright 2017 Voss kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando