Diakonale tilbod retta mot ungdom på Voss


Torsdagsklubben:


Er for deg som går i 10. klasse og oppover. Torsdagsklubben er i Vonheim, og er ope kvar torsdag frå kl 15:00-21:00. Ein rusfri møteplass, der det er ope for alle. Her er det ingen faste aktivitetar, men ein stad å vere, spele biljard, kort og anna spel. Det er alltid gratis mat, og vaksenleiarar med teieplikt. Ein til to gongar i året planlegg me ein helgetur. Ein koseleg plass å stikke innom, få ein kopp te eller kaffi og treffe vener. Velkomen!


Refleks tensing:

Er for deg som likar å synge i kor. Her er mykje sosial moro, song og musikk. Velkomen!
Les meir om Refleks tensing her.


Nattkafe:

Etter Refleks tensing og torsdagsklubben er slutt, avsluttar me dagen med kveldsmåltid for dei som ynskjer det.

 

27. juni 2017 | Logg inn | Copyright 2017 Voss kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando