Kyrkjebenken

Kyrkjebenken er ein møteplass med kyrkja på Amfi-senter kvar onsdag frå kl. 13:00 – 15:00.Her kan du sitte ned, slappe av og slå av ein prat med hyggelige medmenneske. Ein tilsett i kyrkja vil vere her kvar onsdag for ein uformell prat om smått og stort i livet, og ein kan gjere vidare avtale om det er ynskje om det.

Samtale

Møte med Jesus har forandra livet til svært mange menneske - her på Voss, og over heile verda.


Ynskjer du å snakke med ein av prestane eller diakon, kan du ta kontakt med kyrkjekontoret på tlf. 56 52 38 80.

Heimebesøk

Prest og diakon kan koma på heimebesøk. Me kan også koma for å feira nattverd i heimen med den som har vanskar med å koma til gudsteneste. Dersom du ynskjer heimebesøk eller nattverd heime, kan du ta kontakt med kyrkjekontoret på tlf. 56 52 38 80.


* Uansett tilhøve til kyrkja og kristen tru kan ein delta i sorggruppe eller ha samtalar på kyrkjebenken, kyrkjekontoret eller i heimebesøk.

24. november 2017 | Logg inn | Copyright 2017 Voss kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando